søndag 15. august 2010

Første dagane i Longyearbyen

Etter ei lang ferd på fly med altfor mykje bagasje landa Hanna og Oda i Longyearbyen. Dagen var fredag den 13. Eit par folk frå UNIS plukka oss opp på flyplassen, og kjøyrde oss opp til Barkke 13 der vi skal bo i eit år. Undervegs fekk vi litt omvisning. Brakka ligg 3km få universitetet, så vi kjem til å bli spreke i løpet av året!

I går var det Svalbard sin "nasjonaldag". Det er feiring av at Noreg fekk suverenitet over Svalbard 14.8.1925. Då var vi i kyrkja og høyrte på opera, tale frå sysselmannen, spiste kake og snakka litt med nokon av dei lokalkjente. Dei hadde mange historier å fortelje.

I løpet av gårsdagen har det snøa mykje. Den kryp stadig nærmare oss, stor kontrast frå shortsver heime.

Oda og Ingebjørg speidar mot snøen
Framfor Universitetet
Døra til post og bank
Her bor vi!
No skal vi straks i veg for å møte resten av guide-folket i klassa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar