onsdag 8. september 2010

Nordenskioldbreen

Allereie ei veke etter at vi kom opp til Svalbard byrja planlegginga av første tur. På kjøkkena var det fullt kaos med tørking av kjøtt og baking av turmat. No skulle alt planleggast for 10 dagar på breen.

Morgonen 23.8 køyrde ein stappfull buss oss ned til hamna. Der låg Langøysund og venta på oss. Ein turistbåt som frakta oss og ALT utstyret til Adolfbukta, der vi slo leir på stranda.


Langøysund

Masse bagasje!

Dei første dagane gjekk med til å etablere leiren. Sette opp snubblebluss, dasstelt, mattelt og organisere bjørnevakt. Deretter gjekk vi i gang med brearbeidet. Vi byrja med stegjernsteknikk (fransk), knutar og isøksbruk. Lærarane var kjempe flinke. Oda fekk gleda av å ha legenda Ola Einang som er president i Nordtind. Spennande!

Etterkvart dreia fokuset over på sikkerheit og redning. Dei neste dagane brukte vi derfor på å lage taljesystem. For spesiellt interesserte lærte vi 1:2, 1:3 og 1:6 talje. I tillegg rapell og klemknutegang.


Redningsaksjon

Leiren vår under isbjørnvakta.

Lunsjtime!


Anved skal reddast


Oda lærer eldstemann dobbel fiskeknute.

Til tross for isbjørnvakt såg vi ikkje noke til bjørnen, men det var mykje anna å sjå. Allereie første dagen dukka reven opp. Han likte seg godt i leiren vår, kanskje ikkje så rart med all maten vi hadde der. Ellers var det mykje sel i fjorden, som var nysgjerrige, og kom heilt inn til land.

Siste dagen på breen hadde vi "redningsaksjon". Då laga vi eit scenario som ei anna gruppe skulle løyse. Då var det kaos på nordenskioldbreen med besvisstlause og skada folk i sprekker.

Ola og Fredrik in action

Hanna kosar seg på breen.

Litt bålkos blei det også tid til. Med lovleg drivved som brensel.

Etter 10 dagar på tur byrja vi å bli klar for å kome heim til ein dusj! Langøysund plukka oss opp, og tok oss med til Pyramiden. Det er ein nedlagt russisk gruveby, eller spøkelsesbyen.

1 kommentar: