søndag 31. oktober 2010

The blizzard trip

Anved og Olle


Leiren ved enden av Møysalbreen
Vi streva oss fram i vind og snøføyke
Ingebjørg guida oss på breen. Det hadde komt litt snø i løpet av natta!
På veg inn eit juv
Olle og hunden Abel

Inne i en smeltevattenkanal
Oda kosar med Abel

"The best group!"
Oda og Anved akar, wohoo!

Forge veke var det duka for den siste turen til ANG før juleferien. Mandag den 18 la difor ein livleg og gira gjeng i veg med Møysalbreen som første mål. Vi satte opp campen ved foten av breen og gleda oss til å vandre vidare neste dag. Været ville det dessverre annleis så vi blei liggande værfast. Ute lava det ned med snø og vi hadde ikkje med oss ski. Det blei ein roleg dag i campen og ein liten dagstur der vi holdt på å snøbort.

Dagen etter var ikkje været noko betre. Vi hadde likevel håp om forbetringar og ein veldig gira guide, så vi knytte oss inn i taulag og vandra oppover breen. Under lunchen søkte nokre av oss ly inne i eit vindtelt, medan andre foretrakk å stå ute i blåsten. Plutseleg kom det eit kjempe vindkast og vindteltet med folka inni velta overende, sekken til Yann flaug avgårde og Olle datt på hunden (som blei redd), stakkars Teres satt på do og blei kasta inn i teltet med buksa nede. Etter denne hendinga måtte vi ha eit møte om kva vi skulle gjere. Tørte vi å gå vidare opp på breen i dette veret? 


Svaret blei uheldigvis (eller heldigvis?) nei. Vi måtte snu nedigjen. Campen blei satt opp igjen på samme plass som tidlegare. Dette var eit nederlag for gjengen, men vi hadde iallefall prøvd å forflytte oss. Heldigvis fann vi ein smeltevattenkanal på vegen nedigjen. Det var kjempegøy å utforske den, så då var dagen redda! 


På grunn av all snøen og vinden måtte vi droppe planen om å gå på breen. I staden satte vi kursen mot Helvetiadalen, dag 4. No hadde vi ei ny utfordring, i tillegg til vinden og den dårlege sikta, skredfare. Mykje vind, nysnø og mildver gjorde at faren var høg og snølaga kolappsa under føtene på oss. Vi unngjekk bratte sider og klarte omsider å streve oss fram i all snøven

Fredag bestemte vi oss for å dra heim, ein dag tidlegare enn planlagt. Det var nemleg meldt storm frå kl 1200 og ikkje betre ver på laurdag. Vi var likevel fornøgde med det vi hadde utretta. Vi hadde hatt det kjempefint i lag sjølv om veret ikkje var med oss.

Den barske ekspedisjonsgjengen har lunch!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar