fredag 8. oktober 2010

Guidar på dagstur(ar)

Oda posings
På Platåberget
Maiken og guiden Liselotte
Yann
Marte
Svalbardrype tatt på 2m hold

Ein einsam blomst i isøydet
Test av jervenduk for 3 personar. (vi fekk 10 inni!)
Bresprekk
Taulagsvandring på Larsbreen
Smeltevatnkanal
Sigmund (sjefslæraren) at med bresprekka
Denne veka har vi dreve mykje med dagsturar. På desse turane, rundt omkring i nærområdet, har vi vore guidar for kvarandre og trena på kart, kompass og GPS bruk. På torsdag guida eg halve klassa opp på Trollsteinen 849moh. Sjølv med skodde og dårleg sikt gjekk det veldigbra. På toppen letta skodda slik at vi fekk sjå litt av den fantastiske utsikta over blandt anna Adventdalen.

Ein annan dag tok vi turen opp mot Lars Hiertafjellet. Der fann vi ei kjempestor bresprekk! Dette er eit område som er mykje brukt til skikøyring blandt folk i Longyearbyen. Difor har vi sendt inn bilete og rapportert til Svalbardposten slik at folk skal vere klar over fara.

Neste veke skal vi ha ein del undervisning innandørs blandt anna om den profesjonelle guiden. Deretter skal vi på den siste turen før jul, 5 dagar.
No går det mot mørkare tider så den siste dagen på denne turen kjem vi berre til å ha lys frå 1100-1500. Det blir spennande!

3 kommentarer:

  1. hoho. ej gler mej til april. då skal du få guide ront på mej til alle disse flotte plassane gitt:)

    SvarSlett
  2. Kjekt å høyre frå deg igjen. Flotte turar.
    Pappa

    SvarSlett
  3. WOW Oda... respekt!!
    Kjempe kjekt å sjå kor du kosa dej!
    Savna dej <3
    PS: Du skal få brev snart!!

    SvarSlett